Svensk satsing på forsking
Den svenske regjeringa presenterte 23. oktober sin proposisjon om forsking og innovasjon for perioden 2009 - 2012. 5 milliardar svenske kroner skal tilførast området, ein sum som er dobbele så stort som løyvinga den førre 4-års perioden, og meir enn løyvinga i dei siste 3 periodane. Det er den svenske regjeringa som skriv dette i ei pressemelding.
Forskingsløyvinga inneber at Sverige når målsetjinga om 1 % av BNP i offentleg forskingsfinansiering i 2009. Noreg hadde i 2006 ein offentleg forskingsandel på 0,7 %, ifølgje NIFU-STEP. Samla utgjorde FOU-utgiftene i Noreg i forhold til BNP 1,52 % i 2006. I Sverige utgjorde desse utgiftene 3,59 %.
Forskings- og innovasjonsmidlane skal fordelast etter eit system der publiseringar og siteringar, og ekstern forskingsfinansiering, avgjer kor mykje midlar kvart universitet eller høgskule får. For at ikkje humaniora og samfunnsvitskap skal tape ved eit slikt fordelingssystem kjem kvalitetsindikatorane for desse fagområda til å telje dobbelt. Det inneber at publisering av ein artikkel i eit vitskapleg tidsskrift for samfunnsvitskap eller humaniora skal vurderast som 2 publiseringar i medisin eller teknikk. For naturvitskap skal faktoren 1,5 gjelde, skriv Göteborgs Universitetet på nettsidene sine.



