Svake allmennkunnskapar hos Bergens-studentane

Ein av tre studentar ved Universitetet i Bergen veit ikkje kven Gustav Vigeland var. Berre ein av fire veit at Kafka skreiv "Prosessen". For 10 år sidan var det betre, skriv nettavisa til Bergensstudentane, studvest.no.

Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen har gjennomført ei omfattande undersøking om vanane til studentar i Bergen. Både i 1998 og 2008 er det samla inn informasjon frå over 1000 studentar. Allmennkunnskapane om kultur har minska monaleg i løpet av dei ti åra.

Bergens Tidende er også oppteken av undersøkinga, og intervjuar m.a. professor Jostein Gripsrud, som har ein av dei som har stått for undersøkinga.

- Konsekvensen av manglande allmenndanning er redusert fagleg potensial, seier professor Gripsrud. Det blir vanskelegare å tileigne seg intellektuelle tradisjonar som er forankra i den vestlege kulturarven. Skal ein lese Bourdieu, må ein t.d. kjenne noko til fransk litteraturhistorie og vestleg biletkunsthistorie, fordi det stadig blir referert til, seier Gripsrud til avisa, som er vennleg og forklarer for dei med svake allmennkunnskapar kven Bourdieu er.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 17.09.2009
Sist oppdatert 17.09.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer