Svak auke i andelen kvinnelege forskarar

NIFU STEP har offentleggjort tal frå forskarpersonalregisteret. Talmaterialet frå 2007 viser at stadig fleire kvinner deltek i FoU i UH-sektoren og instituttsektoren.

Kvinnene dominerer no på lågare nivå i stillingsgruppene universitets- og høgskulelektor og doktorgradsstipendiatar. Innanfor medisin og helsefag er det fleirtal av kvinner i alle stillingsgrupper med unnatak av professorane. Innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi er det ikkje fleirtal av kvinner i noka stillingsgruppe.

18 prosent av professorane i universitets- og høgskulesektoren i 2007 var kvinner. Dette er ein auke frå 17 prosent i 2005. Blant fyrsteamanuensane auka kvinnedelen frå 31 prosent til 35 prosent.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 18.12.2008
Sist oppdatert 18.12.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer