Studentane meiner NTNU har høgast kvalitet
Ei undersøking Sentio har utført for studentavisa Universitas viser at 41 prosent av studentane i Noreg meiner dei får høgast kvalitet på utdanninga ved NTNU i Trondheim. 20 prosent av dei spurde meiner Universitetet i Oslo har best utdanningskvalitet. 1 prosent (om lag 10 av dei spurde studentane) meinte Universitetet i Agder er Noregs beste utdanningsinstitusjon.
1001 studentar frå heile landet fekk spørsmål om kven av dei 8 største utdanningsinstitusjonane i Noreg som har best utdanningskvalitet. 41 prosent svarde altså NTNU, 20 prosent svarde UiO. Universitetet i Bergen fekk stemmene til 7 prosent av dei spurde, Handelshøyskolen BI 6 prosent, Høgskolen i Oslo 3 prosent, Universitetet i Tromsø 2 prosent, Universitetet i Agder 1 prosent, mens 5 av dei som svarde (0,5 prosent) meinte Universitetet i Stavanger er best.20 prosent av dei spurde svarte "veit ikkje".



