Støtte til Agder og Stavanger
Sentrale politikarar i Høgre, bl.a. Ine Eriksen Søreide (leiar av Stortingets Kyrkje- og undervisningskomité), støttar universiteta i Agder og Stavanger i at dei nye universiteta må få større statlege løyvingar. Det er Stavanger Aftenblad som skriv dette 25. august.
Men som Odd Einar Dørum frå Venstre har sagt tidlegare, understrekar Ine Eriksen Søreide at sjølv om tala frå universiteta i Stavanger og Agder gir eit sant bilete av situasjonen, er det totalramma for høgare utdanning og forsking det må gjerast noko med.
Arbeidarpartiet sin tredjekandidat i Rogaland, Torfinn Opheim, som også sit i kyrkje- og undervisningskomitéen, seier også at han har full tillit til dei tala og dei argumenta UiS legg fram.
- Framføringa er konstruktiv, seier Opheim. Fordelinga er skeiv, og det vil ta tid å rette opp i dette, ikkje minst fordi fordelingsnøkkelen er komplisert, seier Opheim i følgje Stavanger Aftenblad.



