Sterk auke i internasjonal studentmobilitet

Frå 1999 til 2006 auka talet på studentar som studerte ved eit universitet i eit anna land enn sitt eige frå 1,54 millionar til 2,40 millionar. Det er ein auke på 56 %. Det er i fyrste rekkje blant asiatiske studentar auken har vore stor, blant desse er auken på heile 93 % i løpet av desse 8 åra.

 

Det er tal frå Agence Campus France, den franske nasjonale organisasjonen for høgare studiar i utlandet, som viser dette.

Det er dei 400.000 kinesiske studentane som utgjer den store gruppa av asiatiske studentar i utlandet. India har ca. 130.000 studentar i utlandet, Sør-Korea ca. 90.000.

Dei fleste utanlandsstudentar studerer i USA, nesten 600.000. Ikkje meir enn 40.000 amerikanske statsborgarar studerer i utlandet. Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Australia er andre store vertsnasjonar for utanlandsstuderande.

Målt i høve til det totale talet på studentar i dei einskilde land betyr likevel ikkje utanlandsstudentane i USA så mykje. Dei utgjer 3 % av studentane ved amerikanske universitet. I Australia er 23 % av studentane utlendingar, dei fleste av desse frå asiatiske land.

Den største delen amerikanske studentar i utlandet vel Storbritannia. Det gjeld nesten halvparten av dei i underkant av 40.000 amerikanske utanlandsstudentane.

Statistikken er også omtalt i University World News 12. oktober 2008.


Publisert av aktueltredaksjonen <helge.s.mollSPAMFILTER@uia.no> 17.10.2008
Sist oppdatert 17.10.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer