StatsRes-statistikken for 2007
Statistisk sentralbyrå gir i dag (23. oktober) ut StatsRes-statistikken for 2007, statistikken over statleg ressursbruk og resultat, for universitets- og høgskulesektoren.
Samla driftsutgifter for sektoren var i 2007 om lag 23,8 milliardar kronar. Det er 3,3 milliardar meir enn i 2004 og inneber ein auke på 16,4 prosent. Tala viser også at lønnskostnadene har auka med 2,4 milliardar kronar, ein auke på 18,4 prosent. Beløpet som gjekk til kjøp av varer og tenester auka med 12,8 prosent, nesten 1,0 milliard kronar. Lønnskostnadene sin del av driftsutgiftene auka med 1,1 prosentpoeng, mens det var ein tilsvarande nedgang i delen som gjekk til kjøp av varer og tenester.
Fordelt på avlagte studiepoeng er dei offentlege kostnadene pr studentårsverk (60 studiepoeng) nesten 200 000 kronar, 16 prosent meir enn i 2004. Det betyr at talet avlagte studiepoeng har vore stabile i perioden frå 2004 til 2007, mens dei offentlege kostnadene, i fyrste rekkje lønnskostnadene, har auka.



