StatoilHydro rår over forskinga

skriv Morgenbladet 23. januar. Tilsette i oljeselskapet sit i viktige posisjonar i forskinga, m.a. i Noregs forskingsråd, og har avtalar med alle seks (sic!) universiteta i Noreg, ifølgje avisa.

Ved Universitetet i Agder har Institutt for informasjonssystem frå 2002 til 2008 ein partnarskapsavtale med StatoilHydro, ein avtale som m.a. har resultert i seminar og 18 masteroppgåver. Avtalen blir vurdert vidareført, skriv Morgenbladet.

StatoilHydros posisjonar i norsk forsking, i fyrste rekkje knytt til oljeverksemda, blir trekt fram av oljehistorikaren Helge Ryggvik ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo. Han har sjølv opplevt forsøk på styring frå oljeselskapet i samband med forskingsarbeidar med kritisk syn på selskapet.

Direktør Arvid Hallén i Noregs forskingsråd er einig i at Noreg treng meir uavhengig samfunnsforsking om oljeverksemda. Men han er ikkje einig i at forskingsprogram i regi av forskingsrådet skjer på oljeindustrien sine premissar.

Delar av saka er open på Morgenbladets nettsider.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 23.01.2009
Sist oppdatert 23.01.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer