Språkmeldinga lagt fram

Kultur- og kyrkjedepartemenet la i dag fram stortingsmeldinga om norsk språkpolitikk.

Om konflikten mellom internasjonalisering og behovet for å verne om det norske språket, seier departementet i samandraget m.a.:

"Som eit overordna språkpolitisk tiltak innanfor forsking og høgare utdanning vil regjeringa fremja forslag om å lovfesta at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidare utvikling av norsk fagspråk. Eit slikt forslag vil bli sendt på høyring til dei institusjonane det vedkjem.

Den generelle hovudstrategien for å motverka domenetap for norsk språk innanfor delar av samfunnet som er sterkt prega av internasjonalisering, er elles å etablera slike språkdomene som parallellspråklege. Det inneber at norsk og engelsk må kunna brukast side om side, men slik at norsk blir verande det føretrekte språket. Norsk skal då brukast dersom det ikkje er nødvendig eller formålstenleg å bruka engelsk i staden. Dette må nyanserast etter dei behov som gjer seg gjeldande på kvart område. Målet er at dette skal sikra norsk fagspråk og kunnskapsformidling og samstundes leggja til rette for at vi kan delta for fullt i alle former for internasjonalt samkvem."

Sjå heile meldinga her.


Publisert av webredaksjonen <webredaksjonSPAMFILTER@uia.no> 27.06.2008
Sist oppdatert 27.06.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer