Slettebø og Mansoor i forskingsetiske komitéar

Kunnskapsdepartementet har oppnemnd nye medlem til dei nasjonale forskingsetiske komiteane for perioden 2010-2013, melder nettsidene "Forskningsetiske komiteer".

I Nasjonal forskingsetisk komité for medisin og helsefag – NEM er professor Åshild Slettebø frå Institutt for helse- og sykepleievitenskap ved Fakultet for helse- og idrettsfag, Universitetet i Agder, oppnemnd som ordinært medlem, mens professor Mohammad Azam Mansoor (Sjå også heimeside) frå Institutt for naturvitenskapelige fag ved Fakultet for teknologi og realfag, Universitetet i Agder er oppnemnd som første varamedlem i Nasjonal forskingsetisk komité for naturvitskap og teknologi – NENT.

I Nasjonal forskingsetisk komité for samfunnsfag og humaniora – NESH er ikkje UiA representert.

"Forskningsetiske komiteer ønsker å skape en kritisk debatt om forskning, både i forhold til framgangsmåter og bruk av resultater", heiter det på nettstaden deira. Lekkje til nettstaden finn du her:


Publisert av Tor Martin Lien <tormartin.lienSPAMFILTER@uia.no> 18.01.2010
Sist oppdatert 18.01.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer