Samanslåinga av UiT og HiTo er vedteke i statsråd
Kongen har i statsråd 26. september vedteke at Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Tromsø frå 1. januar 2009 blir éin institusjon: Universitetet i Tromsø.
Logo tatt frå UiTs nettsider
Det nye universitetet får eit styre med funksjonsperiode frå 1. januar 2009 til 31. juli 2013. I haust skal det veljast ny rektor som blir styreleiar.
Det nye Universitetet i Tromsø vil få omlag 7.500 studentar og vel 2.300 tilsette.
Eit utval som har vurdert ny logo for det nye universitetet har konkludert med at UiTs logo fra 80-talet framleis skal brukast. Sjølv om juryen fann mange gode kandidatar blant dei innsende forslaga, fann dei ikkje ein vinnar.



