Ressurssider for IKT i undervisning

Avdeling for lærarutdanning har utvikla ei samling ressurssider om bruk av IKT i undervisninga. Ressursen er ikkje berre for faglærarar og studentar i lærarutdanningane.

Ressursen er utvikla med tanke på faglærarar og studentar i lærarutdanningane, men inneheld materiale som kan vere nyttig for lærarar og studentar også i andre utdanningar ved universitetet. Her finn du rettleiingar om bruk av ulike program, lenkjer til stoff om kjeldekritikk og personvern, gratis musikk og bilete til bruk i undervisninga, samt ei rekkje eksempel på elev- og studentarbeid, for å nemne noko. Til sida er det også knytt ein blogg kor faglærarar frå ulike fagmiljø bidreg med innlegg om bruk av IKT i dei ulike faga. Ressursen finn du her: http://www.uia.no/ikt


Publisert av webredaksjonen <webredaksjonSPAMFILTER@uia.no> 20.02.2009
Sist oppdatert 20.02.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer