Prisar for framifrå forsking og formidling
Forskingsrådets prisar for framifrå forsking og forskingsformidling vart utdelte på Forskingsrådets festaften i Konserthuset i Oslo 23. september.
Sjå nyheitsmeldinga frå Norges forskingsråd om forskingsprisen ("Årets Møbius") og formidlingsprisen, og artikkelen frå utdelinga av prisane.
Prisen for framifrå forsking blei delt mellom professor Anne-Lise Børresen-Dale og professor Sverre Håkon Bagge. Prisen er på 500.000 kroner til kvar av vinnarane.
Prisen for best forskingsformidling, 200.000 kroner, gjekk til professor Ole Didrik Lærum.
Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland overrakte prisane.
Anne Lise Børresen-Dale er forskningssjef ved Avdeling for genetikk ved Radiumhospitalet. Sverre Håkon Bagge er direktør ved Senter for middelalderstudier ved Universitetet i Bergen. Ole Didrik Lærum er professor i medisin ved Gades Institutt, Universitetet i Bergen, og preses i Det Norske Videnskaps-Akademi.



