Per Egil Pedersen til NHH

Professor Per Egil Pedersen, Institutt for informasjons- og kommunikasjonsteknologi (Fakultet for teknologi og realfag), er tilsett som professor ved Institutt for strategi og leiing ved Norges Handelshøyskole i Bergen, melder NHH si internavis Paraplyen.

Professoratet er knytt til forsking på tenesteinnovasjon og er ein del av eit nytt initiativ retta mot Forskingsrådet si utlysing av nye senter for forskingsdriven innovasjon.

Pedersen ser fram til ein sterkare identitet som økonom i den nye jobben, seier han til Paraplyen.

- For ein som kjem frå eit teknologisk miljø, der eg har vore den einaste økonomen i ti år, er det hyggjeleg å treffe likesinna kvar dag, seier Pedersen.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 08.10.2009
Sist oppdatert 08.10.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer