Ottersen vann rektorvalet ved UiO

Medisinprofessor Ole Petter Ottersen vann rektorvalet ved Universitetet i Oslo. Han fekk 65 prosent av røystene. Motkandidaten Trygve Wyller fekk 35 prosent. Valoppslutnaden har ikkje vore betre nokon gong ved UiO, valdeltakinga var til saman på 24,5 %, 60,7 prosent for dei vitskapleg tilsette, 51,6 prosent for dei teknisk-administrative tilsette og 16,9 prosent blant studentane.

Ole Petter Ottersen er 54 år gammal, og professor i medisin. Han tiltrer som ny rektor ved Universitetet i Oslo frå 1. august 2009. Noverande viserektor Inga Bostad (45) er vald til prorektor. Ho er førsteamanuensis i filosofi. Det er også valt to viserektorar: Professor i jus Ragnhild Hennum (41) og professor i pedagogikk Doris Jorde (56).

Sjå kva Uniforum og Aftenposten skriv om rektorvalet i Oslo.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 03.04.2009
Sist oppdatert 03.04.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer