Oppfyller ikkje kvalitetskrava
Fleire fag ved HF-fakultetet ved Universitetet i Bergen oppfyller ikkje NOKUT-krava for utdanningane, skriv På Høyden, UiBs nettavis.
Det humanistiske fakultet har det siste året undersøkt alle faga ved fakultetet. Rapporten etter arbeidet avslører at ei rekke utdanningar ikkje oppfyller NOKUT sine krav. Det gjeld bachelorutdanninga i japansk, og masterutdanningane i digital kultur, teatervitskap, klassisk og musikkvitskap.
Minstekrava som blir satt til fagleg kompetanse er faste tilsette førsteamanuensar ved bachelorprogramma, og professorar ved masterutdanningane. Ved UiB har ein i lang tid tilbydt utdanninga i japansk med berre ein universitetslektor tilsett. Dei fire andre faga tilbyr masterutdanning utan å oppfylle NOKUT sitt krav om professorkompetanse i faget, skriv På Høyden.



