OECD: Den norske grunnskulen kostar mykje og gir svake resultat
Dei betydelege ressursane Norge brukar i utdanningssektoren står ikkje i forhold til dei middelmådige resultata som vert målt i lesing, matematikk og naturfag, seier OECD i sin Economic Survey for 2008.
Som mogelege forklaringar på at Norge gjer det svakare enn gjennomsnittet i OECD peikar organisasjonen m.a. på manglande fagleg kompetanse hos mange lærarar, eit lågt tal på undervisningstimar, bruk av undervisningsmetodar som har vist seg å vere svært ineffektive og skulens låge forventningar til elevprestasjonar.
Kunnskapsdepartementet omtalar OECD-rapporten på sine nettsider.



