Ny finansieringsordning for forskingsinstitutt
Regjeringa har fastsett nye retningsliner for basisfinansiering av forskingsinstitutt.
Institutta skal inngå i eit felles, delvis resultatbasert finansieringssystem. I alt 51 institutt, blant dei Agderforskning, men førebels ikkje Teknova, blir omfatta av det nye systemet i 2009. Institutta blir fordelte på fire fordelingsarenaer ut frå fagleg tilhøyrsel: miljøinstitutt, primærnæringsinstitutt, samfunnsvitskaplege institutt og teknisk-industrielle institutt.
Retningslinene skal sikre at den statlege basisfinansieringa blir fordelt etter kjende kriterium, og blir forvalta etter ei klår arbeidsdeling mellom departementa og Norges forskingsråd. Retningslinene skal gjelde frå 1. januar 2009.
Les meir på Kunnskapsdepartemenets nettsider.



