Ny europeisk universitetsranking

EU planlegg å etablere ei eiga internasjonal ranking av universitet, med eit sterkare fokus på at det skal vere eit hjelpemiddel for studentar i val av studium og studiestad, og for å oppmuntre til større studentmobilitet.

I følgje University World News vil Europakommisjonen i løpet av kort tid be om framlegg til eit "uavhengig, fleirdimensjonalt og internasjonalt rankingsystem" som kan vere tilgjengeleg i 2010.

Rankinga vil venteleg byggjast opp på same måten som den tyske Centre for Higher Education Developments "Ranking of Excellent European Graduate Programmes" (CHE Excellence Ranking). Kritikarar av mange av dei noverande universitetsrankingane, som Shanghai Jiao Tong, meiner det blir lagt for stor vekt på forhold som institusjonsstorleik og tal på Nobelprisvinnarar frå institusjonane. Fokus på universiteta som samla institusjonar framfor dei einskilde studieprogramma og fagmiljøa blir også kritiserte. Rankingane møter ikkje studentane sitt behov for presis informasjon dei kan bruke når dei skal velje studium og studiestad.

 

Professor Ernst Håkon Jahr har sett nærare på nokre av universitetsrankingar i kronikken Universitetsranking - akademisk tullball


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 27.11.2008
Sist oppdatert 27.11.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer