NTNU skal framleis ha tilsett rektor
Styret for NTNU vedtok fredag 17.oktober at ordninga med tilsett rektor ved universitetet skal fortsetje, skriv Universitetsavisa.
Styrerepresentantar for dei tilsette har tidlegare gått inn for at ordninga med tilsetjing av rektor ikkje bør fortsetje. Dei har ønskt å gjeninnføre ordninga med rektor vald av tilsette og studentar.
Studentane ved NTNU meiner universitetsleiinga bør vere tilsett, skriv studentavisa Under dusken.
I desember skal NTNU-styret avgjere om universitetet framleis skal tilsetje dekanar og velje instituttleiarar.



