Noreg treng fleire øk.adm.-kandidatar

Statistisk sentralbyrå (SSB) har nyleg publisert framskrivingar av tilbod og etterspørsel etter arbeidskraft, etter ulike typar utdanning. Framskrivinga går fram mot 2030.

SSB spår at etterspurnaden etter arbeidarar med utdanning på høgskule- og universitetsnivå, og frå yrkesutdanningar på den vidaregåande skulens nivå, vil auke. Særleg vil behovet for arbeidskraft med utdanning innan økonomiske og administrative fag auke, i større grad på bachelornivå enn på masternivå. SSB meiner at det fram mot 2030 vil vere behov for nesten 100 000 fleire personar som har øk.adm.-utdanning. Det gjer at denne utdanningsgruppa vil kunne utgjere ei større gruppe enn lærarar, som no er den største utdanninggruppa i landet. Det vil også bli behov for fleire innanfor helse-, pleie- og omsorgsyrke.

Tilbodet på denne typen arbeidskraft vil ikkje kunne oppfylle behovet, dersom ikkje utdanningskapasiteten blir auka. SSB seier derfor at det kan vere ønskjeleg å auke utdanningskapasiteten innan høgare utdanning.

Rapporten Demand and supply of labor by education towards 2030 kan lastast ned frå nettsidene til SSB.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 06.09.2010
Sist oppdatert 06.09.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer