Lærarutdanning i Agder i 170 år
2. september 1839 starta undervisninga for det fyrste kullet av studentar ved "Christianssand Stifts Skolelærerseminarium" på Holt prestegard ved Tvedestrand.
Denne utdanninga av folkeskulelærarar blei i 1877 flytt til Kristiansand, og fekk i 1902 namnet Kristiansand lærarskule. Lærarhøgskulen blei ein del av Høgskolen i Agder i 1994, og Universitetet i Agder frå 2007. 2. september 2009 kan ein med andre ord markere 170 års lærarutdanning i Agder.
Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedestrand markerer storhendinga på Holt onsdag 2. september. Rektor Torunn Lauvdal vil vere til stades ved jubileumsmarkeringa.
Les meir om Seminaret på Holt på historiesidene.



