Kva er viktige kvalitetar ved god sensur?
NIFU STEP har utført ei kartlegging av bruk av ekstern sensor på lågare grad med fokus på kvalitet, økonomi, vurdering og læring.
Før Kvalitetsreforma kravde lova at det skulle vere minst ein ekstern sensor ved alle prøvar og eksamenar ved universitet og høgskular i Noreg. I universitets- og høgskulelova av 2005 blei dette endra til at det skal vere ekstern evaluering av vurderingane eller vurderingsformene.
Kartlegginga viser ein framleis omfattande bruk av ekstern sensur på lågare grad i norsk høgare utdanning. Sensurordningane varierer dessutan innanfor dei einskilde studium, institutt eller avdeling, og innanfor den einskilde faggruppa, mellom faggrupper og mellom lærestader. Den mest brukte sensorordninga er kombinasjonar av intern sensur og eit element av ekstern sensur.
Den sentrale grunngivinga for endringar av sensurpraksis er økonomisk, og ikkje knytt til kvalitet. Einskilde meiner allikevel at kvaliteten på sensuren har blitt styrkt gjennom dei nye ordningane og hevdar at det ikkje ligg ein automatisk garanti for kvalitet i den tradisjonelle sensorordninga.
Det er avgjerande for fagmiljøa å sikre kvaliteten på sensuren. Der ein har gått bort frå tradisjonell sensur er ein oppteken av å sikre kvaliteten på vurderingane gjennom å etablere ulike kvalitetssikringssmekanismar. Skiljet mellom einesensur og det å sensurere i fellesskap (to eller fleire personar) synest vel så viktig som skiljet mellom ekstern og intern sensur.
Rapporten frå kartlegginga kan lastast ned frå nettsidene til NIFU STEP.



