Ingen pengar frå energifonda

Styret i Sørlandets Kompetansefond har vedteke å utsetje løyvinga av midlar for 2009. Administrerande direktør Erling Valvik i Cultiva foreslår det same for styret sitt, som skal ha møte 15. desember.

I ei pressemelding etter Kompetansefondets styremøte måndag 8. desember skriv dagleg leiar Bjørn Fjellstad at avkastninga for 2008 på grunn av uroa på finansmarknadene er så usikker at det ikkje er forsvarleg å dele ut midlar frå fondet. Styret legg til grunn ei negativ avkastning på ca. 75 millionar kroner i 2008.

Til Cultivas styremøte 15. desember forslår adm.direktør Erling Valvik at handsaminga av prosjektinvesteringar blir utsett til neste styremøte, som er 24. februar 2009. Også for Cultiva er utviklinga i finansmarknadene hovudgrunnen. Men uvissa som er knytt til forventa prisstiging betyr og mykje for Cultivas disposisjonar. Cultiva set av midlar til grunnkapitalen i høve til forventa prisstiging. Ein auke i prisstiginga på ein prosent tyder at så mykje som 16 millionar kronar av avkastninga må bli tilført grunnkapitalen.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 10.12.2008
Sist oppdatert 10.12.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer

Sørlandets Kompetansefond

legger ut pressemeldinger og annen informasjon her