Indonesia: Deregulering av høgare utdanning

I Indonesia er det blitt debatt etter at det er lagt fram forslag om ytterlegare deregulering av dei leiande universiteta i landet, inkludert Universitas Gadjah Mada i Jogyakarta, som UiA har eit nært samarbeid med. Kritikarane av lovforslaget meiner utviklinga fører til at studentar frå fattige familiar ikkje vil få plass på universiteta, og at det vil medføre auka korrupsjon i sektoren.

Det er University World News som skriv dette 12. oktober 2008. Sjå óg Jakarta Post frå 18. september.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 17.10.2008
Sist oppdatert 17.10.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer