Ikkje heilt oppdatert ordliste

Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet har gitt ut ei revidert utgåve av Norsk-engelsk ordbok for utdanningssektoren. Nyttig på mange område.

Vi får mellom mykje anna vite at nynorsk heiter Nynorsk på engelsk (og bokmål Bokmål). Heilt up to date er ordlista likevel ikkje. Både Høgskolen i Agder, Høgskolen i Stavanger og Noregs landbrukshøgskule har fått engelske nemningar, mens Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Universitetet for bio- og miljøfag ikkje er kome med i ordlista. Noregsnettrådet heiter Network Norway Council, men vi får ikkje vite kva NOKUT skal heite på engelsk, på trass i at Noregsnettrådet altså blei lagt ned då NOKUT blei oppretta i 2003. At Siviløkonom (siv.øk.) er ein degree and title obtained after 4 years of undergraduate study in economics and business administration stemde for dei som tok eksamen fram til 2006. At det skjedde noko med det norske gradssystemet etter Bologna-erklæringa har diverre ikkje Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet fått med seg i farten.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 15.12.2008
Sist oppdatert 15.12.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer