Høgskulestrukturen i Nordland skal vurderast
Kunnskapsdepartementet har sett ned eit utval som skal vurdere høgskulestrukturen i Nordland.
Departementet er uroleg for utviklinga ved høgskulane i Narvik og Nesna når det gjeld søkninga til dei fleirårige studia. Situasjonen kunne også vore betre i Bodø, skriv departementet i eit bakgrunnsnotat til oppnemninga av utvalet. Utvalet, som blir leitt av tidlegare direktør ved Universitetet i Stavanger, noverande rådmann i Stavanger Inger Østensjø, skal kartleggje om høgskulane i Nordland vil vere tente med endingar i samarbeid og struktur.
Utgreiinga skal vere ferdig i løpet av året. Høgskulane i Nordland deltek ikkje sjølv i utgreiingsarbeidet, men skal involverast fyrst og fremst i høyringsrunden.
Sjå pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet om utvalsarbeidet.



