Høgskulen i Bodø har sendt universitetssøknaden

Høgskulen i Bodø sende 8. september søknaden om å bli det åttande universitetet i Noreg til NOKUT. Styret ved Høgskulen i Bodø behandla søknaden på styremøtet 18. august.

- Å sende søknaden er ein stor lette, seier rektor Pål A. Pedersen ved HiBo til høgskulen sine nettsider.

- Vi leverer ein gjennomarbeidd søknad etter retningslinjene som NOKUT har gitt, og no startar den siste fasen om å bli Universitetet i Nordland. Dette er ein stor merkedag, ikkje berre for studentane våre og tilsette, men for alle nordlendingar.

Leiinga ved Høgskolen i Bodø reknar med at prosessen med å godkjenne universitetssøknaden vil vere sluttførd i løpet av våren 2010.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 09.09.2009
Sist oppdatert 09.09.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer