Høgskolen i Bodø best på økonomi-etikk?

Framtiden i våre hender har laga ei undersøking av etikkundervisninga i økonomi- og administrasjonsutdanningane ved norske høgskular og universitet. Det er i hovudsak fagplanane for 2007/2008 som er undersøkt. I tillegg er studentrepresentantar og fagleg ansvarlege intervjua.

Høgskolen i Bodø (Handelshøyskolen i Bodø) blir kåra til den etiske vinnaren. HiBo har obligatorisk etikkundervisning i dei økonomisk-administrative studia både på bachelor- og masternivå. Norges handelshøyskole og Universitetet for miljø- og biovitskap får godkjent karakter, med "noko" etikkundervisning på begge nivåa. Universitetet i Agder blir godkjent for sine bachelorstudier, men ikkje for masterstudia. Handelshøyskolen BI blir godkjend for masterstudia sine, men har ikkje etikk som eigne emne i bachelorstudia.

Aftenposten omtaler undersøkinga 30. november, men har ikkje fått med at UiA (saman med NHH) blir plassert på 2. plass for etikken i bachelorutdanninga.

No må det seiast at undersøkinga er mykje overflatisk. Den har berre vurdert om omgrepa "etikk", "CSR" (corporate sosial (sic!) responsibility) og/eller "samfunnsansvar" finst i kursomtalane for faga.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 02.12.2008
Sist oppdatert 02.12.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer