HiT vil ha utgreiing om fusjon med UiA
Styret for Høgskolen i Telemark vedtok 28. oktober, med 9 mot 2 stemmer, at det skal gjennomførast ei felles utgreiing om fusjon eller utvida samarbeid, som eit felles prosjekt med Universitetet i Agder.
Høgskulen i Telemark har som hovudambisjon å oppnå universitetsstatus innan 2016. I dei interne drøftingane er HiT kome fram til at høgskulen neppe kan makte det på eiga hand.
Dei nasjonale politiske organa oppmodar til auka institusjonelt samarbeid, klarare arbeidsdeling og større konsentrasjon i universitets- og høgskulesektoren. Stortinget løyvde 50 millionar kroner i såkalla SAK-midlar for 2010.. Regjeringa følgjer opp ei tilsvarande løyving for 2011 i forslaget til statsbudsjett.
HiT har på mange område, bl.a. i lærarutdanningane, i teknologiske fag og innanfor helse- og sosialfag, etablert eit nært samarbeid med UiA, både fagleg og administrativt. HiT har også søkt kontakt med Oslofjord-alliansen, i fyrste rekkje Høgskolen i Buskerud (HiBu) og Høgskolen i Vestfold (HiVe). Interessa frå HiBu og HiVe til å inkludere HiT i ein fusjon har likevel vore liten. Vedtaket i høgskulestyret i Telemark inneber ei førebels avklaring på spørsmålet om HiT skal velje nært samarbeid, og eventuell fusjon, med Agder eller med Vestfold og Buskerud. HiT vel altså (førebels) Agder.
Sjå også artikkel i Telemarksavisa (TA) frå 31. oktober, og - ikkje minst - høyr morgonsendinga frå NRK-Sørlandet 2. november. Innslaget kjem først i sendinga:



