Historieprofessor skulda for å øydelegge bustadmarknaden
Professor i økonomisk historie ved Norges handelshøyskole, Ola H Grytten, er lite populær blant eigedomsmeklarane, skriv dn.no (med referanse til Dagens Næringsliv).
Han blir skulda for å ha øydelagt bustadmarknaden, og har opplevt å bli bortvist frå visingar, fordi han gjer både seljarar og potensielle kjøparar nervøse.
Leiinga i Norges Eiendomsmeglerforbund er ikkje begeistra for Gryttens bidrag. Leiar i forbundet, Christian Dreyer, seier til DN at han synest Grytten bør utestengjast frå den offentlege debatten om han kjem med for mange dumme ting.



