Historieforteljing i postmodernistisk perspektiv
Professor May-Brith Ohman Nielsen (Institutt for religion, filosofi og historie) skal saman med fyrsteamanuensane Hans Jacob Orning ved Høgskulen i Volda og Magne Njåstad ved NTNU skrive Aschehougs nye eittbinds Norgeshistorie, skriv nettsidene til Høgskulen i Volda.
Orning, Njåstad og Nielsen er alle i 40-åra, skriv HiV på nettsidene. Dei har vakse opp med historieforteljing i eit postmodernistisk og kulturhistorisk perspektiv:
– Vi vil freiste å formidle denne ballasten i den nye Noregshistoria. Det inneber mellom anna fokus på menneska som kulturelle vesen som lever i ulike fellesskap. Hovudutfordringa er å skrive noregshistoria utan å gjere Noreg for viktig åleine. Noreg er eit land i verda. Dette krev at vi ser Noreg i ein større kontekst og diskuterer Noreg i ein større internasjonal samanheng.
– Vi skal ikkje gjere historia anti-norsk, men heller ikkje til ein kontinuerleg sigersgong, seier Orning. Noreg er eit av mange fellesskap som er blitt viktige i moderne tid. Men i eldre tid var det mange fellesskap som var mykje viktigare. Til dømes bygda, regionen og det universelle fellesskapet gjennom kristendomen.
– Vi kjem til dømes til å kutte ut vikingtida som omgrep. Dette er ei periode som må avmytologiserast. Vi kjem til å bruke middelalderen på lik linje med resten av Europa, slår Orning fast.



