HIB vert profesjonsuniversitet?

Høgskolen i Bergen har starta på vegen fram til universitetsstatus, skriv dei på nettsidene sine. Sjølve startskotet vil gå over nyttår, men eit styreseminar som vart halden 4. november strekar opp vegen framover mot det som førebels er kalla profesjonsuniversitet.

Kvar avdeling ved høgskolen vert bedne om å komme med eitt framlegg til doktorgradsprogram innan 1. mars 2009. Men først skal styret godkjenne mandat, prosjektgruppe, referansegruppe og organiseringa av prosjektarbeidet på møtet 28. januar.

Trekkjer fram UiA og UiS

- Til studentane vil eg seie at målet med å oppnå universitetsstatus er å auke studiekvaliteten. Universitetsstatus vil bety meir forskingsbasert undervisning for studentane, seier HiB-rektor Eli Bergsvik.

Ved Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder opplevde studentane at det gjekk ut over grunnutdanningane. Kva er din kommentar til det?

- Eg vil vise til rapporten som vart lagt fram frå arbeidsgruppa som jobba med institusjonsstatus i 2006.

Der seier me at kompetanseutvikling for personalet, og satsing på forsking, må balanserast, slik at kvart enkelt studentkull blir godt ivaretatt undervegs i prosessen.

Dette står ved lag, når me no set i gong prosessen mot å oppnå universitetsstatus, seier Bergsvik.

Les heile artikkelen på Høgskolen i Bergen sine nettsider:


Publisert av Tor Martin Lien <tormartin.lienSPAMFILTER@uia.no> 18.11.2008
Sist oppdatert 18.11.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer