Helseutgiftene vil eksplodere med FrP

Adresseavisa har bedt fyrsteamanuensis Anne Wenche Emblem ved Institutt for økonomi ved UiA og professor Jon Magnussen ved NTNU om å vurdere Framstegspartiets program for ny helsepolitikk i Noreg. Dei to ekspertane på helseøkonomi er framsideoppslaget i Adresseavisen i dag (27. august), og nokre hovudpunkt er også med i Dagens Næringslivs nettutgåve.

Begge forskarane spår ein formidabel auke i utgiftene til helse dersom FrPs politikk blir gjennomførd. Det vil føre til eit overforbruk av helsetenester som vil gi eit lønns- og prisnivå høgare enn i dag. Med full stykkpris, sterke juridiske rettar og ein relativt stor del private aktørar vil alle ha interesse av å auke aktiviteten. Valfridom, det at pasienten sjølv skal velje kven som skal utføre behandlinga, er også komplisert, ifølgje Emblem.

- Å shoppe i Velferds-Noreg er litt vanskelegare enn å gå på Prix'en, seier Anne Wenche Emblem. Vi skal vere informerte og kompetente når vi er på det mest skrøpelege og sårbare. Ein risikerer å vri aktiviteten inn mot det som lett kan kvantifiserast. Psykisk helse og rus er vanskelegare å måle.

Framstegspartiet ønskjer å definere tydelegare kva folketrygda skal dekkje. Risikoåtferd skal belastast den einskilde, utan at partiet har utarbeidt noka liste over kva som meinest med "risikoåtferd". Partiet nemner fallskjermhopping som døme. Magnussen og Emblem peikar på at anna åtferd er vel så farleg som fallskjermhopping. Røyking, usunne kostvanar eller å køyre for fort med bil er åtferd som verkeleg belastar helsebudsjetta.

FrPs Harald Tom Nesvik vil, på Adresseavisen førespurnad, ikkje definere kva partiet meiner med risikoåtferd.

- Lista over kva folketrygda skal dekkje skal avisa få den dagen FrP kjem til makta, seier Nesvik.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 27.08.2009
Sist oppdatert 27.08.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer