Handlingsrommet for universitet og høgskular skal vurderast

Kunnskapsdepartementet har valt ei arbeidsgruppe som skal vurdere korleis universiteta og høgskulane sitt sjølvstende fungerer og blir forvalta. Målet er å auke kvaliteten innan høgare utdanning og forsking og leggje eit betre grunnlag for å fremje handlefridom.

Marianne Harg, som er president i Tekna, skal lede arbeidsgruppen. Ei rekkje sentrale representantar frå universitet og høgskular er med i arbeidet. Rapporten frå gruppa skal leverast innan 15. februar 2010.

Arbeidsgruppa skal vurdere følgjande spørsmål:

  • Korleis utdanningskvaliteten kan sikrast og aukast i høgare utdanning
  • Korleis universiteta og høgskulane sitt sjølvstyre fungerer operativt i dag
  • Mekanismar og mønster for løyvingar til for forsking og høgare utdanning
  • Forvaltninga av forskingskarrieren og forskingsvilkår
  • Institusjonane sine strategiske val i forhold til omfang og innretning på fagportefølje i lys av finansieringssystemet
  • Organisering og styring av forholdet mellom intern og ekstern aktivitet
  • Balansen mellom nasjonale politiske prioriteringar og handlingsfridom for institusjonane ved bruk av eigeninnsats og andre ressursar

Samansetjinga av arbeidsgruppa:

President i Tekna Marianne Harg, leiar
Adm.dir Paul Chaffey, Abelia
Rektor Sigmund Grønmo, UIB
Adm. dir Arvid Hallén, Noregs forskingsråd
Prorektor Guri Hjeltnes, Handelshøgskolen BI
Bjarne Hodne, Forskerforbundet
Rektor Inger Aksberg Johansen, Høgskolen i Harstad
Prorektor Berit Kjeldstad, NTNU
Rektor Aslaug Mikkelsen, UiS
Leiar for Norsk studentunion Anne Karine Nymoen
Rektor Ole Petter Ottersen, UiO
Forskningsleiar Stig Slipersæter, NIFU Step


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 17.09.2009
Sist oppdatert 17.09.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer