Fusjonssamtaler mellom UiTromsø og HiHarstad

Høgskulen i Harstad vil innleie fusjonssamtaler med Universitetet i Tromsø, skriv UiTs nettavis og nettsidene til HiH. Styret ved HiH vedtok dette 9. juni.

Ved høyringa til Stjernø-utvalets innstilling gav HiH uttrykk for at dei ikkje ønskte samanslåingar med andre institusjonar. No har altså styret konkludert med at dei likevel er opne for ei samanslåing med Universitetet i Tromsø.

Høgskulen i Harstad har 1.200 studentar og 130 tilsette. Eit fusjonert Universitetet i Tromsø og Høgskulen i Harstad vil få nesten 9.000 studentar.

Rektor Jarle Aarbakke ved Universitetet i Tromsø har gitt positive tilbakemeldingar på HiHs vegval, og gitt uttrykk for at han meiner det opnar seg moglegheiter for store utvidingar i Harstad, skriv nettsidene ved HiH og UiT.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 11.06.2009
Sist oppdatert 11.06.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer