Framleis lågt utdanningsnivå i Agder
Statistisk Sentralbyrå (SSB) offentleggjorde 25. juni statistikken over utdanningsnivået i befolkninga per 1. oktober 2009. Tala viser kor stor del av befolkninga over 16 år som har det høgaste utdanningsnivået sitt frå grunnskulen, vidaregåande skule, eller kort (inntil 4 år) eller lang (over 4 år) universitets- og høgskuleutdanning.
27,3 % av befolkninga over 16 år hadde utdanning på universitets- og høgskulenivå i 2009. Det er ein auke frå 26,7 % i 2008, frå 21,7 % i 2000, og 12,9 % i 1985. Det har med andre ord vore ei monaleg utvikling i utdanningsnivå dei siste 25 åra. Det er særleg blant kvinner utviklinga har vore sterk. I 1985 hadde 11,2 % av kvinnene høgare utdanning, og berre 0,9 % høgare utdanning av meir enn 4 års lengd. I 2009 hadde nesten 30 % av kvinnene høgare utdanning, 5 % av meir enn 4 års lengd. 25 % av mennene har høgare utdanning, men ein større del enn blant kvinnene har meir langvarige studier.
Agder er framleis ein landsdel med lågare utdanningsnivå enn gjennomsnittet for landet. I overkant av 25 % av den vaksne befolkninga i Agder har høgare utdanning, ein auke frå 19 % dei siste 10 åra. Kristiansand er kommunen med høgast utdanningsnivå i Agder, 30,1 % med høgare utdanning. Bykle har høgast utdanningsnivå i Aust-Agder, 29,6 %. Bærum er kommunen i Noreg med høgast utdanningsnivå blant innbyggjarane sine. 46,4 % av den vaksne befolkninga i Bærum hadde høgskule- eller universitetsutdanning i 2009.
Utdanningsstatistikken til SSB kan lesast her.



