Framlegg om felles database for vitskapleg publisering
Kunnskapsdepartementet oppnemnde i februar 2008 ei nasjonal arbeidsgruppe som skulle sjå på moglegheitene for å etablere ein felles database for vitskapleg publisering for universitet, høgskular, helseføretak og forskingsinstitutt. Arbeidet har vore organisert som eit prosjekt i regi av NIFU STEP, som no i oktober gir ut rapporten frå arbeidet.
Arbeidsgruppa tilrår at det blir etablert ein felles database for dokumentasjon av vitskapleg publisering i Noreg. Databasen skal i fyrste omgang kunne nyttast av universitet og høgskular og av institusjonar i instituttsektoren og i helsesektoren. Gruppa foreslår at databasen og dei organisatoriske og administrative systema rundt denne får namnet Norsk vitskapsindeks (NVI).
Arbeidsgruppa tilrår at alle forskingsinstitusjonar med finansiering knytte til indikatorar for vitskapleg publisering skal ta i bruk NVI så snart funksjonaliteten tilfredsstiller institusjonen sine behov.
NVI skal inngå i eit nasjonalt system for forskingsinformasjon som ikkje berre skal dokumentere vitskapleg publisering. Systemet bør også ha informasjon om forskarar, grupper, prosjekt og andre forskingsresultat.
NVI skal byggje på ei omstrukturering og vidareutvikling av systemet Frida som i dag er organisert som eit nasjonalt samarbeidstiltak ått av UIO, UIB, NTNU og UIT
Arbeidsgruppa foreslår at det blir etablert eit nytt nasjonalt forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet som får ansvaret for å etablere, drifte og utvikle det nasjonale systemet for forskingsinformasjon, og at dette organet blir lagt til Universitetet i Oslo, men som ei uavhengig og sjølvstendig eining.
Innstillinga om Norsk vitskapsindeks kan lastast ned frå NIFU STEP sine nettsider.



