Forskingsmeldinga drøfta i Stortinget
Stortinget handsama onsdag 17. juni forskingsmeldinga. Opposisjonspartia leverte ei rekkje forslag (43) med ulike merknader og oppmodingar til regjeringa.
I debatten i Stortinget var opposisjonen i særleg grad oppteken av måla for offentleg og privat finansiering av forsking (høvesvis 1 % og 2 % av BNP innan nokre år), mens regjeringspartia forsvarde at desse prosentmåla no blir tekne bort som kvantifisert ambisjon.
Store delar av formuleringane i forskingsmelding var det brei oppslutning om. Odd Einar Dørum (V) trekte fram følgjande setning frå innstillinga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen (Innst.S.nr.354 (2008-2009)), som komitéen står einstemmig bak:
| «Komiteen vil understreke at forskning har en iboende verdi i seg selv, som ikke bør underlegges mål- og resultatstyring. Særlig gjelder dette den frie grunnforskningen, som er selve fundamentet for nyskaping og innovasjon.» |
Enkeltinstitusjonar blei ikkje i særleg grad trekt fram i debatten, men Dagrun Eriksen (KRF) viste til Agder, likevel utan å nemne namn, då ho skulle forklare kvifor ho meinte regjeringa burde stadfeste 50/50-prinsippet når det gjeld fordeling av tid mellom forsking og undervisning:
| (...) Jeg har fått følge en høyskole som var en liten institusjon, på vei til universitet, og den måten de har blitt tatt imot på når det gjelder å få anerkjennelse og få oppløfting i forhold til den forskningskompetansen som de faktisk innehar, har vært sørgelig å oppleve. Jeg tror at det er viktig å få fastsatt et prinsipp om at for forskere handler det både om undervisning og forskning, i tillegg til formidling. Da må man også lage systemer som gjør at dette blir fulgt opp (...) |
Regjeringa si melding om forsking (Klima for forsking - St.m.nr.30 (2008-2009) kan lastast ned her.
KUF-komitéen si innstilling (Innst.S.nr.354 (2008-2009)) kan lastast ned her.
Referat frå debatten i Stortinget 17.6.2009 kan lastast ned her.



