Fleire tek høgare utdanning
Statistisk Sentralbyrå offentleggjorde 1. juni statistikken over studentar ved universitet og høgskular per 1. oktober 2009, og oversikta over fullførde utdanningar ved universiteta og høgskulane for studieåret 2008/2009. Studenttala stig.
I 2009 blei det registrert 235 300 studentar i Noreg. Det er ein auke på nesten 10 000 frå året før, og ein auke på nesten 34 000, eller 17 %, dei siste 10 åra. Kvinnene, som utgjer meir enn 60 prosent av studentane, har også den sterkaste auken.
48 305 av studentane i hausten 2009 var nye studentar. Det utgjorde i overkant av 20 prosent av studentpopulasjonen. 10 år tidlegare var delen førsteårsstudentar vel 19 %, vel 39 000 av studentane var nye studentar i 1999.
Meir enn 30 % av ungdom mellom 19 og 24 år var i høgare utdanning hausten 2009. Det er ein auke frå 20 % hausten 1999. Også i aldersgruppa 25-29 år har delen i høgare utdanning auka monaleg, frå 10 % til 15 %. Denne auken er sterkast blant kvinner, og blant studentar der foreldra ikkje har utdanning ut over grunnskulen. For kvinner med slik bakgrunn har delen i høgare utdanning auka med meir enn 140 % dei siste 10 åra. For studentar med foreldre som sjølv har høgare utdanning er ikkje auken så markant. Delen med denne bakgrunnen, i aldersgruppa 19 - 24 år, er 58 %, ein auke frå 55 % i 1999.
Denne statistikken, og annan interessant utdanningsstatistikk, kan lesast frå nettsidene til SSB.



