Fleire tar doktorgrad
Fyrste halvår 2008 er det gjennomførd nærare 750 doktordisputasar ved norske universitet og høgskolar, melder NIFU STEP. Det er ein auke på 33 %. Fyrste halvår 2007 var det 561 disputasar i Norge.
Størst auke har det vore på Universitetet i Tromsø, der disputerte 80 kandidatar fyrste halvår i 2008, mot 51 fyrste halvår 2007, ein auke på 57 %. Også ved Universitetet i Oslo har det vore ein sterk auke, 267 disputasar fyrste halvår 2008 mot 193 diputasar fyrste halvår 2007.
Universitetet i Agder er førebels meir stabilt, 2 disputasar både i vårsemesteret 2007 og 2008.
47 % av doktorandane er kvinner. Tar ein ikkje med teknologi og matematikk/naturvitskap er 53 % av doktorandane kvinner. Det ser ikkje ut til å vere behov for særlege generelle tiltak for å auke kvinneandelen av doktordisputasane, skriv NIFU STEP i sin halvårlege rapport frå Doktorgradsregisteret.



