Fleire museumsbesøk i vest, mindre i aust
Museumsstatistikken frå Statistisk sentralbyrå for 2008 blei presentert 25. juni. Den viser ein monaleg vokster i museumsgjestingane i Vest-Agder, mens det i Aust-Agder ikkje har vore vokster i museumsinteressa dei siste åra.
Aust-Agder og Vest-Agder hadde i 2004 besøkstal på omtrent same nivå (rundt 0,7 museumsgjestingar pr innbyggjar). I 2008 var det 220.000 museumsgjestingar i dei 6 musea i Vest-Agder (1,3 gjestingar pr innbyggjar i fylket). For Aust-Agder var talla 68.000 gjestingar på dei 4 musea (0,6 gjestingar pr innbyggjar). Sjå statistikken på nettsidene til SSB.



