Fest for fire hender

kaller Emil Otto Syvertsen, i omtalen i Fædrelandsvennen 2. november, den nylig utgitte cd'en Ti for to med komposisjoner og arrangementer av Torbjørn Aasen, med Trygve Trædal og Karina Bull-Gjertsen på flygel. 5 av 6 mulige poeng gir han plata.

Torbjørn Aasen og Trygve Trædal er henholdsvis universitetslektor og førsteamanuensis ved Institutt for musikk, Karina Bull-Gjertsen nylig uteksaminert pianist fra samme sted.

"Det er lenge siden jeg har hatt det så moro ved bare å la ei plate snurre. Opptil flere ganger. Og så er klaverklangen mesterlig gjengitt", skriver Syvertsen.

Musikken er i grenselandet mellom jazz, ragtime og lett klassisk. Uten improvisasjoner, men "Aasens fantasi, der han slenger inn de mest utrolige melodiassosiasjoner i de mest fjerntliggende sammenhenger, kompenserer for den lek man ellers finner i improvisasjonen", skriver Emil Otto Syvertsen.

I Dag og Tid 13. november har Roald Helgheim et intervju med Torbjørn Aasen om plata:

- Det er ein type innspeling du finn ein del av i USA, men ikkje i Noreg, seier Torbjørn Aasen frå Søgne.
- Det er altså din idé, men kva er utgangspunktet?
- Plata er siste del av eit forskings- og utviklingsprosjekt som har pågått dei siste åra om rytmisk musikk for to klaver.
- Som skal resultere i?
- Det er denne innspelinga som er resultatet, og det er ikkje gjort noko liknande i Noreg, seier Torbjørn Aasen, som var i New Orleans og New York då han kom over ei plate med musikk av Dave Brubeck, innspela av John Salmon.
- Han er professor ved North Carolina-universitetet i USA, og eg kjøpte notane til variasjonane han spela over Dave Brubeck. Så skreiv eg brev til han, vi utveksla notar og plater og vart kjende med kvarandre. Då plata mi var ferdig, sende eg henne til Salmon og bad han sende henne vidare til Brubeck. Eg fekk svar med påteikning og sterk ros frå meisteren, seier Aasen.
Han har kalla den første komposisjonen Brubeckiana, ein medley av tre songar der to er av Brubeck. Neste spor er tydeleg ragtime-inspirert, og utanom «Tea For Two»-variasjonane, «Someone To Watch Over Me» og «Days of Wine and Roses» er det Aasens eigne komposisjonar som er utgangspunkt for musikken Trædal og Bull-Gjertsen spelar.
- Er det rom for improvisasjon, eller er alt på notar?
- Kvar einaste tone er skriven, men det er ikkje berre å leggje i veg og spele etter bladet. Vi har arbeidd i mange veker med musikken før vi gjekk i studio. Dette er ikkje for amatørar, seier Aasen, med ein snutt «Deilig er jorden» i «Someone To Watch Over Me».
- Det er to klassiske musikarar som aldri har spela jazz. Likevel skal det svinge, og det gjer det, seier Trygve Aasen. Han har leika seg med musikk inspirert av ragtime, bossa nova og blues, men solid plassert i den tradisjonelle jazzen.
- Eg seier som Ellington, «It don’t mean a thing if it ain’t got that swing».

sier Torbjørn Aasen til Dag og Tid.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidenSPAMFILTER@uia.no> 04.11.2009
Sist oppdatert 16.11.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer