Fagkomitéen tilrår at Høgskolen i Bodø blir universitet

Logo Høgskolen i Bodø

Fagkomitéen som har vurdert om Høgskolen i Bodø oppfyller kriteria for universitetsstatus har konkludert med at det gjer høgskulen, på alle punkt. Det er HiBo som skriv dette på nettsidene sine.

Den sakkunnige komitéen har vore leia av tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen, professor em. Kirsti Koch Christensen.

Innstillinga frå den sakkunnige komitéen skal nå blir behandla i NOKUT sitt styre, og høgskulen kan etter det søkje om å bli akkreditert som universitet. Det er Kongen som etter Universitets- og høgskulelova skal fastsetje kva slags kategori ein høgare utdanningsinstitusjon skal tilhøyre, på bakgrunn av ei vurdering frå NOKUT Kongen pleier som kjend å høyre på regjeringa si. Så dersom styret i NOKUT og departementet følgjer innstillinga frå komitéen vil det kome eit vedtak om at Høgskolen i Bodø skal bli universitet i løpet av hausten, i alle fall. Dermed er ikkje UiA Noreg sitt nyaste universitet så svært lenge.

Høgskolen i Bodø har foreslått at det nye universitetet skal få namnet Universitetet i Nordland.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 01.07.2010
Sist oppdatert 01.07.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer