Færre kvinner tek høgare utdanning
Statistisk sentralbyrå (SSB) har nyleg presentert tala over fullførde utdanningar i studieåret 2007/08 ved universitet og høgskular.
For fyrste gong sidan 2001/02 var det ikkje auke i talet på kvinner som fullførde høgare utdanning. Samla var det drygt 400 færre uteksaminerte kandidatar i 2007/08 enn året før. For kvinner var nedgangen 650 kandidatar, for menn var det ein auke på 150 kandidatar.
Størst nedgang var det på høgare nivå, utdanningar som er normerte til meir enn 4 års lengd, forskarutdanningar ikkje medrekna. Dette var i fyrste rekkje eit resultat av eit kunstig lyft i talet fullførde universitets- og høgskuleutdanningar på høgare nivå i 2006/07, skriv SSB på nettsidene sine. Utfasinga av einskilde utdanningsprogram ved overgang til ny gradsstruktur i høgare utdanning førde til ein kraftig auke av fullførde utdanningar etter gammal gradsstruktur i 2006/07, spesiell cand.polit., cand.philol. og cand.scient.
På lågare nivå (4 år eller mindre i normert utdanningstid) er nedgangen størst innanfor helse-, sosialt- og idrettsfag. For høgare nivå er nedgangen størst i humanistiske og estetiske fag.
I 2007/08 var det 25 % auke i talet ferdige kandidatar frå doktorgradsutdanningane. Kvinner utgjer no 45 % av dei uteksaminerte doktorgradskandidatane. Det er ein auke frå 32 % for 10 år sidan. Størst auke i ferdige doktorgradskandidatar har det dei siste 10 åra vore innanfor helse-, sosialt- og idrettsfag, ein auke på 160 %, frå 128 til 333 kandidatar. Frå 2006/07 til 2007/08 var auken størst innanfor samfunnsvitskap og juridiske fag (ikkje medrekna økonomisk-administrative fag), der auken dette eine året var på 57 %, frå 100 kandidatar til 157 kandidatar.
SSB sine nettsider har fleire tal.



