Den vitskaplege høgskulen i Molde?

Den sakkunnige komitéen som har vurdert søknaden frå Høgskulen i Molde om akkreditering som vitskapleg høgskule har einstemmig gått inn for å gi institusjonen slik status, melder nettsidene til høgskulen.

Høgskulen i Molde søkte om akkreditering hausten 2006, men fekk ikkje den fyrste sakkunnige komitéen med seg. Etter ein anke blei det valt ein ny komité, som altså no har gått inn for å gje høgskulen status som vitskapleg høgskule.

Styret i NOKUT skal behandle saka 18. juni. Om NOKUT sluttar seg til komitéen sine konklusjonar, skal Kunnskapsdepartementet gje den endelege godkjenninga til Høgskulen i Molde som vitskapleg høgskule.

Akkreditering som vitskapleg høgskule krev stabil forskarutdanning innanfor eitt fagområde. Høgskulen i Molde har hatt slik utdanning innanfor logistikk sidan 2002. Til no er 10 kandidatar utdanna frå ph.d.-programmet, skriv høgskulen på nettsidene sine.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 02.06.2009
Sist oppdatert 02.06.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer