Brot i dei lokale lønnsforhandlingane ved UiO

Det er brot i dei lokale lønnsforhandlingane ved Universitetet i Oslo, melder Uniforum, nettavisa ved UiO.

Forskarforbundet og dei fleste Akademikarforbunda kunne ikkje godta profilen på fordelinga av potten. Dei vitskaplege tilsette utgjer 59 prosent av lønnsmassen ved UiO. I det siste og endelege framlegget frå arbeidsgjevaren fekk dei tilbod om 53 prosent til fordeling av den samla potten på 35 millionar kroner ved universitetet.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 29.10.2008
Sist oppdatert 29.10.2008
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer