Bokmelding: Hans H Grelland om Kierkegaard, Ibsen og Munch
I Morgenbladet 13. juni melder litteraturforskaren (professor ved Høgskolen i Volda) Jan Inge Sørbø i rosande ord Hans Herlof Grellands bok om Kierkegaard, Ibsen og Munch.
Sørbø skriv mellom anna:
"Sjølv om Grelland ikkje er litteraturforskar, og dermed går nokså lett forbi litterære former og sjangerspørsmål, har han gode innspel til Ibsen-tolkingar. Han argumenterer godt for at Brand er ein kierkegaardsk «fortvila» person, og dermed verken fundamentalistisk skurk, som han ofte blir lesen som, eller heroisk idealist. Hans fortviling består i at han fornektar det endelege i sin posisjon, og dermed ikkje forstår seg sjølv rett. Hans motstandarar, med futen i spissen, fornektar derimot det uendelege og åndelege i sin karakter, og er fortvila på motsett vis. Dette perspektivet på Brand verkar oppklarande." og
"(...) når det gjeld presentasjonen av Kierkegaard og relevansen for forståinga av Ibsen torer eg ta sterkare i. Der leverer Grelland eit sterkt innlegg, og gir utkast til tolkingar som har svært mykje føre seg."



