Auke i talet på studentar

Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå viser ein monaleg vokster i studenttalet ved norske universitet og høgskular, frå om lag 208 200 i 2007 til 214 400 i 2008.

Dette er ein auke på omkring 3 prosent. Voksteren i studenttalet har vore størst blant kvinner. Det var 4.200 fleire registrerte kvinnelege studentar i 2007 enn i 2008, mens tilsvarande auke for menn har vore om lag 2.000. Mesteparten av voksteren har kome ved høgskulane, universiteta har samla ikkje nemnande vokster i studenttalet. Størst auke i studenttalet har Universitetet i Agder, som i den offisiell (førebelse) statistikken har 5 % fleire studentar i 2008 enn i 2007. Med 8.177 studentar er UiA det fjerde største universitetet i landet, og sjette største utdanningsinstitusjonen.

Talet studentar i dei yngste årskulla (19- og 20-åringar) auka med meir enn 7 prosent frå 2007 til 2008. Demografiske endringar kan såleis vere ei viktig medverkande årsak til studentauken. I alle aldersgrupper var det flest kvinner som deltok i høgare utdanning. I 2008 var 35 prosent av kvinnene i aldersgruppa 19-24 år i høgare utdanning. Tilsvarande tal for menn var 23 prosent.

Les meir om utviklinga i studenttala på nettsidene til Statistisk Sentralbyrå.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 26.01.2009
Sist oppdatert 26.01.2009
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer