Auke i talet på avlagte doktorgradar, men ikkje ved UiA

Doktorgradsstatistikken frå NIFU STEP viser at det igjen er auke i talet avlagte doktorgradar i Noreg, etter at 2009 vist ein nedgang i tala. Men ved UiA held talet seg førebels stabilt. Det blei avlagt 5 doktorgradar ved UiA våren 2010, det same som våren 2009.

Kvinnene sin del av dei avlagte doktorgradane ser ut til å vere svakt aukande. 46 % av doktorgradane er det no kvinnelege kandidatar som tek. Auken er sterkast innanfor fagområda som frå før av har størst kvinnedel. Innan matematiske/naturvitskaplege fag og teknologi blir delen kvinner mindre. Delen av doktorgradskandidatane som har utanlandsk statsborgarskap blei litt mindre frå 2009 til fyrste halvår i 2010. Det skjer innanfor alle fagområda, med unnatak av landbruksfag og veterinærmedisin.

Sjå meldinga frå NIFU STEP om avlagte doktorgradar i fyrste halvår 2010.


Publisert av aktueltredaksjonen <aktueltsidaSPAMFILTER@uia.no> 29.09.2010
Sist oppdatert 29.09.2010
Del/Tips: Printfriendly version

Kommentarer